mandag 16. juni 2014

Meir enn 10.000 sjølvmord som følgje av finanskrisa

Bilde - Banksy: Follow your dreams. Cancelled.Ein forskingsrapport publisert i forskingstidsskriftet British Journal of Psychiatry syner at finanskrisa førte til markert høgare tal for sjølvmord i Europa og Nord-Amerika. I EU steig talet i perioden 2009-2011 med 6,5% frå nivået i 2007. Det tilvarar nesten 8000 sjølvmord. Canada hadde ein auke på 240 og USA på 4.750 sjølvmord. Det påfallande var at denne utviklinga ikkje skjedde i Sverige, Finland og Austerrike.


Forskarane meiner dette syner at offentlig politikk kan ha stor verknad. Dr. Aron Reeves ved Universitetet i Oxford seier at dei tre unntakslanda har satsa mykje på tiltak for å hjelpe folk attende i arbeid, som arbeidstrening, rådgjeving og støtte til lønn.

Andy Bell frå Center for Mental Health seier at arbeidsløyse, utrygge arbeidsplassar og andre faktorar knytte til krisa har stor innverknad på den mental helsa i folket.

Det blir også peikt på verknadene av å miste heimen elle ikkje vere i stand til å betale lån.

Les meir på BBC