tirsdag 24. februar 2015

Bispemøtet ut mot ulikskapen

Bispemøtet i 9.-13. februar tok særskilt opp utviklinga av "forskjells-Norge".


Mellomkirkelig råd om sosial rettferdighet:
Sosial rettferdighet, fred og vern om skaperverket er sentrale temaer i Den norske kirke. Som kirke i et av verdens rikeste land er vi utfordret av det internasjonale kirkefellesskapet til å arbeide med rettferdighet og menneskerettigheter i et globalt perspektiv.
Aukande ulikskap, der nokon lever i ekstrem overflod medan andre blir marginaliserte og lever i fattigdom utfordrar visjonen den norske Kyrkja har om eit samfunn der alle kan leve i tryggleik.

Møtet vedtok ei fråsegn om at dei ser alvorleg på den aukande ulikskapen, og at mange fell utanfor. Bispane meiner det først og fremst er politikarane som har ansvar for å motverke dette, men Kyrkja har også eit ansvar ifølgje Bispemøtet.

Les meir på kirken.no