lørdag 20. august 2016

– Aspektblind krigshissing

"Trur USA og Nato på seg sjølve når dei seier at militær oppbygging i tidlegare austblokkland ikkje er ein trussel mot Russland?"
Av Jon Hellesnes 

Ein gong i 1960åra kom det opp eit skilt ved eit bur i den zoologiske hagen i Paris: ”This animal is vicious; if attacked, it defends itself.” Var det ein språkfeil? Var den franske omsettaren ustø i engelsk? Eller var skiltet tvert om eit språkleg raffinement? Iallfall gjorde formuleringa merksam på ei spesiell form for aspektblindskap, nemleg den som slår ut slik: Dersom ”den Andre” (eit dyr eller ei folkeeining) blir farleg som ein direkte konsekvens av det ”vi” gjer, vil dei aspektblinde oppfatte den Andre som vondskapsfull, lunefull og uføreseieleg.

Ein aspektblind person ser ikkje seg sjølv som plagsam aktør og registrerer ikkje negative verknader av si eiga åtferd. Han ser berre den aukande aggressiviteten hos den Andre. Den halverte situasjonsforståinga gir den aspektblinde subjektiv rett til å sette inn endå kraftigare ”forsvarsmiddel”.  Han er utan evne til å moderere seg. Katastrofen blir eit faktum. (Ein kan naturlegvis vere aspektblind på heilt andre måtar; dei ligg langt unna konflikt og liknande.)
   Politiske ideologiar som gjer tilhengarane aspektblinde på den måten eg har skissert, har vore granska innanfor den no halvgløymde disiplinen ideologikritikk. Den blei utvikla innanfor den såkalla Frankfurt-skulen i 1930-åra før flukta til USA.  Med ei retorisk formulering kan vi uttrykke den ideologi-kritiske oppfatninga slik: ”Ei politisk rørsle med ein aspektblind ideologi er ein kollektiv galskap hos elles mentalt friske pasientar.”
   NATO ter seg i dag som ei rørsle med ein aspektblind ideologi. NATOs krigerske kringsetting av Russland med basar og våpenlager i tidlegare austblokk-land er ingen aggressiv trussel, heiter det. Den militære oppbygginga er berre eit forsvar mot Putin-regimets lumske aggressivitet. Men trur politikk-makerane verkeleg på det dei sjølve seier? Det er ikkje sikkert.
   Ei alternativ tolking er slik: ”Politikk-makerane i USA/NATO er ikkje blinde for kva dei sjølve gjer. Dei er rasjonelle, men kyniske maktpolitikarar som veit at dei provoserer og tar ein enorm risiko, og at Russland vil svare med atomopprusting. Men risikoen er nødvendig for å oppnå global dominans. Den aspektblinde situasjonsbeskrivinga er berre noko dei bruker for å sette kveik i dei dummaste blant ministrane i NATO-land.” Men ein slik hypotese er på ingen måte sikker, den heller. Vi kan altså ikkje sjå bort frå at politikk-makerane verkeleg trur på den ideologien dei spreier, og då vil dei ha vanskar med å moderere seg. I så fall er situasjonen spesielt farleg. For kontrastens skuld skal eg skissere korleis klartenkte realpolitikarar har oppført seg, den tida dei var aktive, og korleis dei ytrar seg om framferda til USA/NATO i dag.

Frå juli 1944 var George Frost Kennan (1904 – 2005) nestkommanderande i den amerikanske ambassaden i Moskva. Han var med på fleire møte med Stalin. Den 22. Februar 1946 sende han ein rapport til Washington. På grunnlag av den blei han henta heim og fekk etter kvart stillinga som planleggingssjef i utanriksdepartementet. Han fungerte også som stabssjef hos Marshall, og var viktig i utforminga av den såkalla Marshall-hjelpa.  I ein artikkel i ”Forreign Affairs” i juli 1947 følgde han opp det han skreiv i rapporten frå 1946. Problemstillinga hans var korleis Vesten kunne unngå storkonflikt og krig med Sovjetunionen. Stalin-regimet var i motsetnad til Hitler-regimet verken skjematisk eller dumdristig, skreiv han. Det ville venteleg sikre seg med alle middel (inkludert valdsmakt) i nærområda slik dei var definerte etter Jalta-konferansen og møtet med Churchill. At Sovjetunionen kunne kome til å gå til åtak på eit land i Vesten, rekna Kennan derimot som heilt usannsynleg. Men USA og allierte måtte halde seg unna truslar, skryt og grove maktdemonstrasjonar. For liksom alle andre regjeringar kunne den sovjetiske kjenne seg pressa inn i ein situasjon der dei ikkje kan gi etter, endå om realiteten skulle tilseie det. Men ein relativt fredeleg sameksistens med Stalin-regimet (!) ville vere muleg. Han kritiserte Truman-doktrinen som var sett fram same året, og som gjekk ut på at USA tok seg rett i å gripe inn overalt der fridom og demokrati var trua. I den elles kloke artikkelen sin kom Kennan i skade for å buke ordet ”containment” som blei ein standardterm i den konflikten som Walter Lippmann ga nemninga ”the cold war”.
   Lippmann kritiserte Kennan. Han peika på at ordet kunne lesast som væpna kringsetting, altså som ein aggressiv term. Elles var Kennan og Lippmann stort sett einige. Og blant sentrale utanrikspolitikarar i USA under den kalde krigen verka Kennan som ei modererande kraft. Han var ein klartenkt realpolitikar som var i stand til å sjå provoserande sider også ved det USA gjorde.      
   I sin høge alderdom fekk Kennan med seg utviklinga i NATO. Å inkludere tidlegare austblokk-land i NATO var ifølgje han den mest lagnadstunge feilen USA kunne gjere. Det var å starte den kalde krigen mot Russland på nytt! Altså eit aggressivt opningstrekk.

Henry Kissinger er ein annan politikar-type enn Kennan. Han var ein kynisk maktpolitikar og synderegisteret hans er stort. Men i motsetnad til dagens maktpolitikarar var (og er) han realitetsorientert. Han innsåg og innser poenget i å redusere faren for væpna konflikt mellom stormakter. Foto med Nixon og Kissinger hos Mao er blitt ikon for avspenningspolitikk. I 2014 i samband med jubileet for murens fall var Kissinger, saman med Mikhail Gorbatsjov og Helmut Schmidt, atter i vinden. Alle tre kritiserte den politikken som går ut på å inkludere tidlegare austblokk-land i NATO og å oppføre seg militant ved russiske grenser.
Schmidt tok særleg for seg vestleg politikk vis-à-vis Ukraina og dømte den nord og ned. Gorbatsjov har likevel gått lengst i ordbruken. Han skuldar Vesten for å legge opp til krig og dermed kjernefysisk katastrofe. Han har fått delvis støtte frå den amerikanske militæranalytikaren Stephen Cohen som hevdar at faren for atomkrig no, under president Obama, er blitt like stor som i 1960-åra.

Også diplomatar har kome med åtvaringar til USA/NATO, for eksempel Jack Matlock, tidlegare amerikansk ambassadør til Russland. Tidlegare norsk ambassadør til Tsjekkia, Mette Kongshem, har ytra seg i same retning. Ho hadde ein klar og viktig kritikk i Klassekampen 23. juli med same synspunkt som den til dei fire ovannemnde realpolitikarane, men ho tok også for seg norsk militær- og utanrikspolitikk. Den går no ut på å bygge ned det territoriale forsvaret, noko som inneber at Norge blir endå mindre sjølvstendig  i høve til USA/NATO. Dermed vil Norge framstå som ein fiende av Russland. Ho er særleg skuffa over sitt gamle parti Høgre.
   Rett nok har dette partiet hatt fleire framståande realpolitikarar enn C. J. Hambro og John Lyng. Men det er lenge sidan. Den noverande utanriksministeren er så ulik desse som det går an. Han ytrar seg som om det berre finst eitt folkerettsbrot i verda etter år 2000, det som Russland har ansvaret for i Krim. Gjer han seg dummar enn han er?
   Ifølgje nokre av dei fremste folkerettsekspertane i verda med Bruno Simma i brodden er det ikkje Russland, men USA med allierte som har gjort størst skade på folkeretten etter år 2000. Simma har verka som overordna konsulent i folkerett for FN.

I Klassekampen 2. august følgjer ambassadør Kongshem opp synspunktet sitt i eit intervju, og Per Kristian Pedersen, tidlegare ambassadør til Estland, får høve til å kommentere det. Han plasserer Kongshems synspunkt «langt bortenfor all fornuft». Implikasjonen er at Kennan, Kissinger, Gorbatsjov og Schmidt er like bortreiste, for dei meiner prinsipielt det same som Kongshem. Dersom Pedersen gjer unntak og går med på at for eksempel Kennan eller Kissinger var/er tilrekneleg, får han problem med den logiske konsistensen.

Så vidt eg veit, er det berre ein minister i eitt NATO-land som har gått sterkt ut mot USA/NATOs aggressive kringsetting av Russland. Det er den tyske utanriksministeren Frank-Walter Steinmeier. Han har også påtala at det frå amerikansk hald (USAs Europakommando) har kome falske meldingar om russiske grensekrenkingar i Ukraina, krenkingar med ei mengd stridsvogner og soldatar.  Slike falske meldingar er eit klassisk eksempel på krigshissing.
   Serien av store militærøvingar i russiske nærområde, inkludert den ved Svartehavet i Romania nyleg med 31 000 soldatar, kan vanskeleg tolkast som noko anna enn krigshissing. Men sjeldan har kunsten å lage nytale à la Orwell vore drive lenger enn den blir no. NATO-personell og dresserte ministrar med ambassadørar på slep øver seg i kunsten. Alle tiltak som skjerpar konflikten, så som enorme militærøvingar ved russiske grenser og utplassering eller lagring av avansert krigsmateriell, heiter no avspenning, normalisering og sikring av freden. Ingen meistrar denne ordbruken betre enn den nye generalsekretæren i Nato. Overfor dei stadig fleire som fryktar USA og NATO, godsnakkar han som ein mild, humanistisk psykiater til pasientane sine. Krigspresidenten Obama har i så måte greidd å plassere rett mann på rett plass. Det mest groteske i NATOs propaganda er likevel påstanden om at Russlands frykt for Vesten berre er oppdikta, eller at den iallfall er grunnlaus. Det blir stadig vanskelegare å bortforklare at NATO er blitt ein farleg trussel mot verdsfreden, ein trussel av det slaget som alliansen i si tid blei sagt å skulle verne oss mot.

Jon Hellesnes, filosof 
Artikkelen er tidlegare trykt i Klassekampen 9. august 2016
under tittelen Fredssikrarar på krigsstien


Les også Tom Skauge: Trussel fra nye trusselbilder
og Mette Kongshem: NATO rasler med sablene