mandag 23. januar 2017

Stephen Hawking: – No er den farlegaste augneblenken i menneskeslekta si historie

Stephen Hawing på 80-talet. NASA StarChild image of Stephen Hawking, Public Domain.Den verdskjende teoretiske fysikaren Stephen Hawking skriv i ein artikkel i Guardian at han forstår at folk røyster for både Brexit og Donald Trump. – Det er uroa for dei økonomiske følgjene av globaliseringa og dei jamt raskare teknologiske endringane som ligg bak ei slik røysting, og den er fullt forståeleg, skriv Hawking.

Hawking uroar seg over at skilnadene mellom rik og fattig aukar, og at mange ser at levestandarden deira går ned, medan det blir vanskeligare å skaffe seg utkomme til eit normalt liv.
Når folk i fattige land reiser til slummen i storbyane, eller vidare til det globale nord i håp om ei betre framtid, legg det bører på infrastrukturen der dei kjem. Samstundes møter menneskeslekta enorme miljøutfordringar: klimaendringar, problem for matproduksjon, overbefolking, utrydding av arter, forsuring av hava og epidemiske sjukdommar. I ein slik situasjon er arten vår meir enn nokon gong avhengige av å arbeide saman, meiner Hawking. Han meiner vi nett no opplever den farligaste augneblenken i menneskeslekta si historie.

Den namngjetne vitskapsmannen trur ikkje vi blir i stand til å etablere koloniar på framande planetar i løpet av det første hundreåret. Derfor er det endå viktigare at vi vernar den einaste planeten vi har, meiner han

Les artikkelen i The Guardian