onsdag 8. mars 2017

Slik gjorde Bjerknessenteret Bergen til klimahovudstad

Geofysisk institutt 1928 1951I året 2000 gjekk det eit rykte klimaforskarar i Bergen fanga opp, om at ei stor utlysing av forskingsmidlar var på veg. Då ryktet sa at utlysinga skulle gå til sterke fagmiljø, forsto marinbiologen Eystein Jansen at Bergen hadde dei ressurspersonane som var naudsynte. Dei var berre spreidde rundt i byen, og hadde lite eller ikkje noko skikkeleg samarbeid.



Jansen fekk med seg oseanografen Helge Drange. Så sette dei i sving med å samle saman interesserte forskarar frå Havforskingsinstituttet, Unifob, Nansensenteret og Universitetet i Bergen til eit nytt klimaforskingssenter. Namnet Bjerknes valde dei tidleg, etter dei to kjende meteorologane Vilhelm og Jakob Bjerknes frå Bergen.

To år seinare fekk Bjerknes Centre for Climate Research ei løyving på 17 millionar kroner i året til etablering av eit "Senter for framifrå forsking", og vertsinstitusjonane løyvde like mykje. Senteret starta opp i 2003. I dag har senteret 195 forskarar frå 37 land.

Til På Høyden fortel Jansen kva som skulle til for at forskarar ved eit middels universitet kunne nå toppen av internasjonal klimaforsking og bli sentral bidragsytar til rapportane frå FNs klimapanel. Han summerer det opp i tre omgrep: Høge mål, rein formidlingsglede og nulltoleranse for arroganse.

Jansen leia senteret fram til 2014, då Tore Furevik tok over. Forskarane som har arbeidd under Jansen rosar han særleg for evna til å riste forskjellige fagmiljø og personar saman.

Dette året skal endeleg Bjerknessenteret flytte inn i nye lokale i ei nyoppussa fløy av Geofysen. Då blir det største ønsket til Jansen gjennom desse 15 åra endeleg oppfylt.

Les heile historia På Høyden