onsdag 26. april 2017

Fleire amerikanske jobbar i sol enn i kol

Fleire jobbar i sol enn i kol
President Trump lovar nytt liv for kolindustrien, og "mange fleire energijobbar". Då tenkjer han ikkje på fornybar energi, som blir stadig viktigare for amerikansk sysselsetjing. I fjor hadde solindustrien mange fleire tilsette enn kolindustrien.


Olje er framleis største sysselsetjar innan framstilling av energi med 515.000 arbeidsplassar. Deretter kjem naturgass (398.000) litt framfor sol (374.000). Kol (160.000), bioenergi (130.000) og vind (102.000) kjem på dei neste plassane. Til slutt følgjer kjermekraft, vasskraft, geotermisk kraft og ymse fossile energiformer.

Tala kjem frå ei utgreiing frå Energidepartementet, utarbeidd av Obama-administrasjonen,  publisert i januar.

Les meir i New York Times