tirsdag 23. januar 2018

BBC Capital: Kvifor kontorlandskap er dårleg for oss

By Peter Bennets (Commissioned Professional Photography) [CC BY 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by/3.0)], via Wikimedia Commons
Kontorlandskap ga tapt produksjon
For fire år sidan flytta Chris Nagele, leiar i eit lite it-selskap, dei tilsette frå heimekontor til eit felles kontorlandskap. Tre år seinare flytta han dei til cellekontor. Kontorlandskapet kosta for mykje i redusert produksjon. Kontorlandskap kjem ikkje til å forsvinne med det første, skriv BBC, men pendelen er i ferd med å svinge tilbake mot cellekontor att.


For forsking tyder på at vi blir 15 prosent mindre produktive og får dobla sjansen for å bli sjuke i kontorlandskap. Sanninga er at vi ikkje er gode å multitaske, og at vi kan miste fokus i opp mot 20 minutt, etter berre ei lita forstyrring.

Opne kontorløysingar rammar også minnet hardt. Verst er såkalla hotdesking, kontor der folk ikkje her fast plass, men tar med seg tinga sine til næraste ledige plass i landskapet.

Ved universitetet i Sydney fann dei at halvparten av alle i heilt opne kontorlandskap er misnøgde med å dele lyd med andre, medan endå fleire – 60 prosent – var misnøgde i kontor med låge skiljeveggar.

Ved sida av den økonomiske innsparinga i kvadratmeter, er auka samhandling og samarbeid det viktigaste argumentet for kontorlandskap. Rett nok snakkar folk meir saman i kontorlandskap, men stort sett om ting som ikkje har med jobben å gjere.

Les heile artikkelen på BBC Capital

Ei veke etter etter denne artikkelen, publiserte BBC Capital ein artikkel med ein del av dei mange reaksjonana dei fekk frå lesarar etter artikkelen om dei dårlege sidene ved kontorlandskap.

Gjengangarar blant reaksjonane er ymse sider av å ha kolleger tett innpå seg heile dagen: mykje informasjon ein ikkje ønskjer om både privatliv og kolleger, kroppslukt og deodorantbruk, dråpesmitte i fri flyt gjennom lufta – og kor effektivt det er å arbeide heimefrå.

Les reaksjonane på BBC Capital