onsdag 4. april 2018

Etikkdagane på HVL: tema FNs bærekraftsmål

Tirsdag 10.4 og torsdag 12.4 er det etikkdagar på Høgskulen på Vestlandet, Campus Kronstad. Tema for etikkdagane i år er FNs bærekraftsmål. Dei to dagane inneheld ei rad førelesingar, som handlar om så forskjellige ting som fergerevolusjonen, solenergi, korrupsjon, skatteparadis og etiske køyrereglar i globale selskap.

Arrangørar er:
Fakultet for ingeniør- og naturvitskap (FIN)
Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap (FØS)
Institutt for økonomi og administrasjon
i samarbeid med Profesjonsetisk nettverk i Norge

Arrangementet er gratis og ope for publikum.

Last ned program/plakat her (pdf) (oppdatert 9.4.)