torsdag 3. mai 2018

Militærutgiftene i verda aukar jamnt – men Russland kuttar

Kina satsar på dyrare våpen enn gevær.
Dei samla militærutgiftene i verda aukar jamnt. Det svenske fredsforskingsinstituttet SIPRI melder at dei i 2017 auka med 1,1 prosent frå året før. USA har framleis det suverent største rustingsbudsjettet i verda, men i fjor auka ikkje utgiftene. Russland reduserte derimot militærutgiftene sine med heile 20 prosent frå året før. Det var første årlege reduksjon sida 1998.


Kina held fram med relativt sterk auke i militærutgiftene, med 5,6 prosent  frå 2016. Også andre land i Asia aukar pengebruken på våpen og soldatar. Trass i låge oljeprisar auka militærutgiftene endå meir i Midt-austen, med heile 6,2 prosent. Saudi-Arabia auka militærutgiftene sine med 9,2 prosent.

Les pressemeldinga frå Sipri (pdf)