onsdag 19. september 2018

– Anonyme obligasjonseigarar trugar norsk eigarskap i offshore-rederia

Havila Harmony leitefartøy. Foto Fugro via Wikimedia. CC-BY-4.0
Per Sævik i Havila Holding meiner at den anonyme eigarskapen av obligasjonslån til offshore-rederia er farleg for den regionale og norske eigarskapen til desse rederia. Sævik fortel at rederia brukte enorme beløp og mykje tid under den siste krisa for å få til refinansiering. I ei ny krise kan anonyme långivarar få ein farleg maktposisjon, meiner han.


Han har stipulert at berre Havila Shipping brukte 100 millionar kroner på rådgivarar under refinansieringa. Ein ny runde med refinansiering kan ha rykka nærare etter den dårlige lønsemda næringa opplevde i sommar. – Viss vi no skal vere på veg inn i ein runde nummer to eller tre så må det vere mogleg å restrukturere på ein annan måte vi gjorde sist, seier Sævik.

Les meir på sysla.no