mandag 24. september 2018

Høgskulen på Vestlandet signerer Magna Charta-avtalen

Berit Rokne, rektor HVL
Rektor Berit Rokne tok tysdag del i Magna Charta-seremonien ved universitetet i Salamanca i Spania, då ho signerte Magna Charta-avtalen på vegner av Høgskulen på Vestlandet. 72 andre institusjonar singnerte samstundes.



Magna Charta er ein avtale om at universiteta skal vere uavhengige av alle politiske og økonomiske styresmakter og interesser, og understrekar kor viktig det er for universiteta at forskinga er fri og uavhengig.

Nettstaden til HVL syner til desse hovedprinsippa for Magna Charta Universitatum:
  1. Universiteta er sjølvstendige samfunnsinstitusjonar som, sjølv om dei er ulikt organisert av geografiske og historiske årsaker, kritisk produserer, utforskar, vurderer og formidlar kultur gjennom forsking og høgare utdanning. For å stille seg opne overfor behova i omverda, må universiteta vere moralsk og vitskapleg uavhengige all politisk autoritet og økonomisk makt.
  2. På universiteta må undervisning og forsking vere uskiljelege om undervisninga skal kunne følgje med i behovsutviklinga, nye samfunnskrav og vitskaplege nyvinningar.
  3. Fridom i utdanning og forsking er grunnleggande prinsipp for universiteta. Styresmaktene og universiteta må, på kvart sitt område, garantere og fremje respekten for dette grunnleggjande kravet.
Les meir på Høgskolen på Vestlandet