fredag 26. oktober 2018

Frå 2026 vil ikkje Bergen ta imot cruiseskip som forureinar

Cruise-skip legg ut frå Bergen. Fri bruk.
Bergen bystyre vil arbeide for at same reglar skal gjelde for cruiseskip som kjem til verdsarvbyen, som dei som skal gjelde for verdsarvfjordane. I mai vedtok Stortinget i klimameldinga at verdsarvfjordane så snart det er teknisk råd, og seinast i 2026, berre skal ta imot null-utsleppsskip.


Fjord Norge sin direktør Kristian Jørgensen samanliknar kravet med å berre tillate elektriske fly i løpet av åtte år.  Frå Naturvernforbundet kjem det andre toner: – Det er heilt fabelaktig. Det er berre å gratulera Bergen med å senda eit tydeleg signal til cruisenæringa om at ei ny tid er varsla, seier Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet i Hordaland til NRK Hordaland.

Les meir på NRK Hordaland