torsdag 18. oktober 2018

Storbankar, advokatar og finansfolk svindla statar for 500 milliardar

Dubai, der fleire bakmenn lever. Foto Skatebiker, via Wikimedia. Lisens CC-BY-SA 4.0
Eit nettverk av hundrevis av finansfolk, aksjehandlarar og advokatar i toppen av den internasjonale finansverda har svindla 9 europeiske land for meir enn 500 milliardar kroner gjennom 15 år frå årtusenskiftet. Svindelen har vore gjort ved å gjennomføre mange sal og kjøp av aksjar like før og etter dagen for utbetaling av utbytte. Det har opna for å krevje tilbake innbetalt skatt som aldri har vore betalt. I mange tilfelle har den same summen blitt kravd utbetalt fleire gonger, ein metode som også er brukt med hell overfor den norske statskassa.

Andre land som er råka, er Belgia, Austerrike, Sveits, Danmark og Tyskland.

Samanlikna med folketalet ser det ut til at Danmark er det landet som er hardast råka. 12,7 milliardar kroner er tappa frå den danske statskassa i perioden 2012 til 2015. Tyskland er også hardt råka.

Storbankar som Deutsche Bank, Macquaire og Barclays vedgår at dei har vore med på svindelen, medan J P Morgan, Santander, Morgan Stanley og Merill Lynch ikkje vil kommentere svindelen.

Bakmennene kan vere vanskelege å få dømt, sidan nokre av dei i dag held seg i Dubai der dei lever i ekstrem luksus. Dubai har ikkje utleveringsavtale med mange europeiske land.

Les mer på Danmarks Radio dr.dk
og Politiken (bak betalingsmur)