mandag 15. oktober 2018

Vergemålssaka i Tolga: – Eit offentleg overgrep

Faksimile av VG si framside 12. oktober 2018
Det ser ut til at Tolga kommune har sytt for at innbyggjarar blir gjorde umyndige, for å hjelpe på kommuneøkonomien, skriv VGs kommentator Fridjtjof Jacobsen i ein kommentar 6.10. Han legg vekt på at vergemål etter lova berre må brukast når den det gjeld vil ha best av ei slik løysing. Slik var det ikkje i Tolga, der tre brør fekk fleire problem i livet enn dei alt hadde, etter at kommunen sytte for ein diagnose til dei tre, som ga kommunen pengar i kassa.

Jacobsen kallar saka eit offentleg overgrep. – At kommunenes inntektssystem premierer antall diagnoser kan ikke være riktig. Det er nærmest en oppfordring til å sykeliggjøre innbyggerne, skriv han. – Systemet har sviktet, mennesker har sviktet og moralen har sviktet.

Bergens Tidende koblar i ein leiar saka til kommunereforma, og hevdar at nett den sårbare økonomien til småkommunar er ein del av bakgrunnen for denne: – Større einingar er mindre utsett for økonomiske problem knytt til ressurskrevjande innbyggjarar, heiter det i leiaren.

Samtidig vedgår BT at dette også kunne skjedd i større kommunar, og avsluttar med krav om det må bli rydda opp i det dei kallar et kommunalt overgrep: – Det skal ikkje skje at kommunen stiller diagnosar før helsepersonell gjer det.

Les meir i Bergens Tidende