onsdag 14. november 2018

Rovfiske og klimaendringar trugar kystfolket i Mauritania

Nouadhibou, Mauritania. Foto: Bertramz, CC by-sa, via Wikimedia 3.0
Fisket etter sardinella har vore levebrødet for folk langs kysten av Mauritania, Gambia og Senegal gjennom hundreår. No investerer kinesiske konsert i stadig nye fiskemjølfabrikkar, som mel sardinellaen til fiskemjøl, fôr til oppdrettsnæringa heime i Kina og i andre land. På same tid flytter fisken nordetter, fordi havet har blitt mykje varmare.  Framtida for folk langs denne kysten er utrygg.

– Fire-fem år til med fiske

20 prosent av villfisken som blir fanga i heile verda går til fiskemjøl. Den stadige auken i etterspørsla fra Kina driver prisen opp. På same tid som det varmare klimaet trugar sardinellabestanden i Kanaristraumen ved den nordvestre kysten av Afrika, trugar aukande etterspørsel etter fiskemjøl til fôr for oppdrettsnæringa med å fjerne heile sardinellabestanden i løpet av berre fire-fem år. Det seier presidenten i den foreininga av småfiskarar i Mauritania til Reuters. – Fabrikkane vil stenge, arbeidarane reise vidare, og vi står att her utan fisk.

Klimaet har auka temperaturen i dette havområdet meir enn andre stader nær ekvator, og drive fisken over 300 kilometer lenger nord på 23 år. Store fiskebåtar frå land som Tyrkia og Kina haustar så lenge dei kan.

Klimaet aukar prisen – og jakta etter fisk

Peru er den største produsenten av fiskemøl i verda. Langs kysten av Peru strøymer kaldt vatn sørfrå til overflata og syt for rik tilgang på mat for enorme stimar med ansjons. Men også i Peru fører klimaendringane med seg endringar i fisket, og til mindre fangster og høgare pris. Prisen slår ut i Mauritania, der fiskemjølfabrikkane går på høg-gir når vegen frå fisk til gull blir stadig raskare. Fangstane frå mauritanske båtar er nær dobla på få år.

Unge menn på jakt etter arbeid

På same tid rammar klimaendringane kystsamfunna i Vest-Afrika på fleire måtar. Havstiging og villare vêr aukar erosjonen på strendene og slukar heile landsbyar på kysten. Bønder lenger inn i landet får avlingane sine øydelagt av tørke og ekstremregn. Mange reiser til kysten, der mengda med av unge menn aukar, på jakt etter arbeid for fø familiane sine.

I Senegal gir staten støtte til folk som vil kjøpe seg ein liten fiskebåt med påhengsmotor. Talet på fiskarar aukar. Men fangsten går ned, og fiskarane må gå lengre ut for å få noko fisk. Hovudmengda av fisken har flytta nordover, utanfor Mauritania der 30 fiskemjølfabrikkar har gode tider – enn så lenge.

Les heile artikkelen på reuters.com