fredag 14. desember 2018

Miljøgift i feit fisk farlegare enn vi trudde

Feit fisk - sunn men giftig. Wikimedia, fri bruk
Feit fisk – sunn, men giftig?
Ein ny rapport frå organet for mattryggleik i EU, EFSA, finn at miljøgiftene i mat er tre gonger giftigare for menneske enn vi har trudd til no. Derfor tilrår no EU-organet at grenseverdien for dioksinar og DL-PCB blir sett til berre ein sjudel av det dei der i dag. Det kan få store konsekvensar for eksporten av norsk fisk, og det kan komme endringar i dei offentlege råda for sunt kosthald.

Det er først og fremst i feit fisk som markell, sild, kveite  og laks ein finn desse miljøgiftene. Men dei finst òg i fiskelever, brunmat i krabbe og i ost og kjøt frå husdyr.


Blant dei nye funna i forskinga er at desse miljøgiftene påverkar sædkvaliteten hos menn seinare i livet, og kan utløyse kreftsjukdom.

Professor i toksokologi Ketil Hylland ved Universitetet i Oslo leia i 2010 eit offentlig utval som tilrådde at ein skulle fjerne alle miljøgifter frå maten innan 2020. Men det har ikkje gått slik: – I dag er det miljøgifter overalt i våre omgivelser og i naturen, seier Hylland til Dagbladet.

Professoren vil helst ha økologisk mat sjølv, og tykkjer det er trist om ein ikkje lenger kan ete det ein vil av mat frå havet.

Les meir i Dagbladet