mandag 6. mai 2019

Når høgskular blir universitet: – Det handlar om image

I, Finnrind [CC BY-SA 3.0 (http://creativecommons.org/licenses/by-sa/3.0/)]
Lærarutdanninga, Universitetet Nord.
Leggjast ned?
Kor mykje internasjonalt anerkjent forsking må skje i Sogndal for at det skal vera forsvarleg å utdanna lærarar der? spør kommentator Ingebjørn Bleidvin i dagens Bergens Tidende. Han slår fast at hovudtanken bak høgskulane ikkje lenger er å skaffe regionen sjukepleiarar, ingeniørar og lærarar.


No er kjærleiken til publisering av forskingsartiklar i internasjonale tidsskrift komen i vegen for det eigentlege samfunnsoppdraget til høgskulane, meiner Bleidvin.

Han syner til Nord universitet som etter berre to år er i gang med å leggje ned  undervisningsstader som ligg for avsides, og til den strategiske satsinga som dreier seg om forsking og publiseringspoeng.

– Ironien i det heile er at det er lite forsking som tyder på at «forskingsbasert undervisning» automatisk gir betre undervisning eller meir nøgde studentar. Tvert om: ein del studier tyder på meir misnøye blant studentane dess meir forsking lærarane deira driv med, skriv Bleidvin.

Les meir i Bergens Tidende