tirsdag 21. mai 2019

Rettsak startar: 45 organiserte arbeidarar krev erstatning for diskriminering

I går starta rettssaka der LO-forbundet Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeidarforbund (NNN) har saksøkt Sund Laksepakkeri for diskriminering av 45 arbeidarar. Forbundet krev oppreising av erstatning for at ingen av dei organiserte arbeidarane fekk jobb då Sund Laksepakkeri etter at Norse Production slo seg konkurs. Alle saksøkarane var tilsette i Norse Production fram til det gjekk konkurs, og Sund Laksepakkeri starta opp ny drift berre tre dagar etter konkursen.

Ingen plass til organiserte

Historia starta våren 2017 med at halvparten av dei tilsette i Norse Production organiserte seg i NNN, og kravde tariffavtale. Hausten 2017 gjekk 70 arbeidarar til streik for tariffavtale. Dette fikk dei gjennomslag for etter fire veker i streik. Men då dei kravde etterbetaling for overtid dei meinte dei hadde krav på, slo bedrifta seg konkurs. Tre mellomleiarar starta opp verksemda på nytt etter berre tre dagar, men då viste det seg at det ikkje var plass til ein einaste som sto i fagforening.

– Dei skulle tilsette færre enn det var i Norse, og det var tydeleg at NNN-klubben var negativ til ny oppstart og ikkje hadde tru på at det ville lukkast, seier Dag Nødtvedt, advokat for Sund Laksepakkeri, som forklaring på at ingen av dei organiserte fekk jobb etter det som skulle vore individuelle vurderingar av kvar einskild.

Les meir på NRK Hordaland