torsdag 6. juni 2019

Equinor: - Berekraftig framtid stadig meir vanskeleg

Oljedirektoratet: kart over 23. konsesjonsrunde
Oljeleitinga held fram.
Det samla globale energibehovet i verda auka med 2,3 prosent i 2018, det raskaste sidan 2010. Sjølv om det òg er stor auke innan fornybar energiproduksjon, blir det for smått til å kutte utslepp av drivhusgassar. Dette går fram av ein klimarapport frå Equinor som blei lagt fram i dag. Konklusjonen er at det blir stadig vanskelegare å oppnå ei berekraftig framtid.


Jo lenger auken av globale utslepp held fram, desto meir nødvendig blir det med kraftigare tiltak for å nå klimamåla, heiter det i den 9. utgåva av Energy Perspectives. Rapporten peiker på at energibehovet globalt no snart må ha nådd toppen, dersom det skal bli mogleg å kutte utsleppa slik Parisavtalen krev.

Equinor-rapporten peikar på den auka polariseringa rundt klima, der stadig fleire krev raske tiltak, medan motstanden òg aukar mellom folk, særskilt på grunn av dei sosiale konsekvensane av klimatiltak. Desse utfordringane vil berre bli større jo lenger en utset effektive tiltak.

Les meir i Nordrenett.no