tirsdag 2. juli 2019

– Grusom praksis i USA: Migrantbarn blir haldne under elendige tilhøve

Tomas Castelazo [CC BY-SA 2.5 (https://creativecommons.org/licenses/by-sa/2.5)]
Toll- og grensepatruljene (CBP) ved Mexico-grensa blir utsette for massiv kritikk for inhuman handtering av asylsøkarar. Barn blir internerte, og framleis dei fleste skilde frå foreldra. Menneskerettsgrupper hevdar at innvandringspolitikken til Trump-administrasjonen ikkje er tilpassa den faktiske situasjonen, og at CBP internerer så mange dei kan, heilt til sentra er heilt fulle.


Interneringsleirane langs grensa blei sett opp for å huse einslege unge menn, som var i fleirtal blant innvandrarane for 7 år sidan. I dag er 72% familiar eller mindreårige, medan det i 2012 berre var 10% av denne gruppa. Tilstrøyminga frå Mexico har også gått kraftig ned. I dag kjem 4-600.000 immigrantar til grensa årleg, medan det i 2000 kom 1.6 millionar.

Les meir i TheGuardian.com