tirsdag 10. september 2019

Regjeringa stør Nord universitet med ti nye studieplassar

Steinkjer, foto tmsaur, wikipedia. Fri bruk
I pressemelding frå forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø heiter det at regjeringa stør Nord universitet si vidare satsing på grøn energi. Lekkasjen frå statsbudsjettet fortel at satsinga til slutt skal bli til 40 nye studieplassar ved campus Steinkjer.


Nord Universitet har sett seg som mål å bli ein nasjonal motor innanfor forsking og utvikling av bioøkonomi og berekraft. Regjeringa si støtte til nye studieplassar blei offentliggjort samstundes med opninga av det nye innovasjonsbygget InnoCamp i Steinkjer.

Les meir på nord.no