tirsdag 7. januar 2020

Gullfugl for vertskommunane – tre distriktshøgskular gjennom 50 år

I ein rapport frå Høgskulen på Vestlandet skriv Terje Erik Bjelle at den sentrale politikken i dag er radikalt annleis overfor høgskulane i distrikta, enn det den var på 70-talet. Dei tre høgskulane i Bø, Volda og Sogndal etablert blei etablerte i ei tid då desentralisering var høgt verdsett. Bjelle finn at skulane har tent distrikta sine godt gjennom desse åra. Særskilt har vertskommunane skote gullfuglen:

"Etableringa i små bygdesamfunn var vellukka. Dei har forsynt land og region med relevant og kompetent arbeidskraft, og dei har vorte attraktive studiestadar. I 2019 har kvar av dei 3-4000 studentar, og er blant dei 10-15 største studiestadane i landet. Høgre utdanning set sterkt preg på dei tre bygdene, med moderne campus og mange kjenneteikn på det som i USA vert kalla College Towns. Det er ein mix av kvalitetar som gjer dei attraktive, ikkje enkeltfaktorar knytt til akademisk kvalitet."
Last ned rapporten frå HVL