fredag 17. januar 2020

Klimaeffekten av CO2 sterkare enn vi har trudd

Skogbrann Australia 2010. Foto 80-trading-40. Lisens CC by-sa 3.0
Berre starten?
Fleire forskargrupper internasjonalt er i ferd med å publisere resultat av forsking som tyder på at varmepådrivet frå auka CO2 i atmosfæren er sterkare enn vi har trudd. Kor mykje sterkare er det stor diskusjon om, men alle dei nye og betre modellane tyder på at temperaturen på jorda vil auke meir enn modellane så langt har synt.


I over 30 år har vitskapen konkludert med at vi vil få mellom 1,5 og 4,5 grader varmare temperatur i vårt hundreår. Dei nye modellane tyder på at temperaturen vil stige mellom 3 og 7 grader. Direktør for Potsdam-instituttet for klimaforsking, Johan Rockstrøm, seier at dette vil vere veldig farleg.

Les meir på nrk.no