torsdag 2. januar 2020

No tek finansnæringa klima på alvor

Flom 2013, Hønefoss. Foto Holav, via Wikipedia. Lisens CC by-sa 3.0
Klimarisiko blir teke stadig meir på alvor av finansnæringa. – Selskapa prøver å finne ut av korleis dei kan tene pengar i ei framtid med lågare klimautslepp, seier Cicero-direktør Kristin Halvorsen til NRK.no.


Finansfolk oppsøkjer no klimaforskarane på Cicero langt oftare enn tidlegare. Dei vil forstå korleis klimaendringane vil slå ut i praksis, og kva konsekvensar nye klimatiltak vil ha.

Ei analyse frå Black Rock, den største kapitalforvaltaren i verda, viser at dei selskapa som reduserte karbonavtrykket sitt mest, også var dei sin gjorde det best på børsen i åra frå 2012 til 2016. Samstundes viser oljefondet sine investeringar i grøne aksjar at desse ikkje alltid er dei mest lønsame. Faktisk var avkastinga frå grøne aksjar frå 2010 til 2018 berre halvparten av avkastinga frå andre aksjar.

Les meir på nrk.no