onsdag 8. januar 2020

– Sogndal, Bø og Volda under hardt press

Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal. Foto: Harald Groven. Lisens CC by-sa 2.0
Etter 40 år i høgare utdanning fekk Terje Erik Bjelle sjansen til å fordjupe seg og skrive ein rapport, der han kunne ta med eigne røynsler og sjå attende på utviklinga i høgskulesektoren. Rapporten, som er publisert av Høgskulen på Vestlandet, syner at store endringar har skjedd på 50 år. Den norske strukturen med meir enn dobbelt så mange studiestader innan høgare utdanning som Sverige har, er under press. Det gjeld spesielt studiestadene i distrikta.

Bjelle peikar på at større vektlegging av forsking og akademisk kvalitetet er utfordrande for studiestadene i distrikta. Strukturreforma som inneber at rektor blir tilsett og styreleiar blir henta eksternt, fører til at politikarar ikkje lenger har så mykje påverknad på skulane. Når i tillegg heimfylket til studiestaden forsvinn, står skulane i ein ny situasjon.

Les meir på Khrono, der også rektorar på fleire institusjonar kommenterer rapporten.