mandag 17. februar 2020

1.100 tidligere justis-embedsmenn med protestbrev mot USAs justisminister

William Barr. Foto US Government. Fri bruk.
William Barr
Rettssaka mot Roger Stone, tidlegare rådgjevar for president Donald Trump, har utløyst eit protestbrev frå 1.100 tidlegare statsadvokatar og tilsette i det amerikanske justisdepartementet mot det dei kallar "uhøyrt" og "opprørande" innblanding frå justisministeren i rettssaka mot Stone.


Stone blei kjend skuldig på alle tiltalepunkt i ei rettssak med bakgrunn i etterforskinga av mogleg samrøre mellom Trumps valkampanje og Russland. Aktorane fremja ein påstand om mellom sju og ni års vilkårslaus fengselstraff. Etter at President Trump twitra at dette var "urettferdig", tok justisminister Barr til orde for lågare straff. Dette fekk alle aktorane i saka til å seie opp jobben.

Barr kritiserte i ettertid Trump for twitringa i slike saker, men det kan likevel sjå ut som han blanda seg inn på vegner av presidenten. I brevet frå dei tidligare tilsette, krev dei at Barr går frå stillinga si.

Les meir i VG