mandag 10. februar 2020

Klimakur 2030: Slik kan Noreg kutte utsleppa

Fra rapporten Klimakur 2030, Miljødirektoratet
31. januar publisert Miljødirektoratet rapporten Klimakur 2030, som er ei omfattande utgreiing av ei lang liste med tiltak som kan gi naudsynt effekt til at Noreg skal klare å kutte 50 prosent av klimautsleppa i kvotepliktig i kvotefri sektor i 2030.

energiogklima.no tek Anders Bjartnes eit raskt oversyn over tiltaka. Det einskildtiltaket som kan gi størst utsleppskutt, er kutt i forbruket av raudt kjøtt. Det er også eit billig tiltak, men Bjartnes meiner likevel det kan bli vanskeleg å få gjennomført, fordi det krev endring i atferd hos forbrukarane.


Det spelar stor rolle kor raskt utsleppa blir gjort, sidan EU sitt regelverk krev utseppskutt kvart år, og det er liten tilgang til å utsette kutta til seinare i perioden.

Av bransjar er det Vegtransport som har størst potensial for kutt, med 57 prosent større kutt enn Sjøfart, fiske og hvabruk på andre plass, og meir enn dobbelt så store kutt som jordbruk, som ligg på tredje.

Avgiftsauker, reguleringar og liknande blir trekt fram i rapporten som tiltak som kan gjere kutta enklare å få til.

Les meir på energiogklima.no