mandag 16. mars 2020

Simon Malkenes blir skuleforskar

Simon Malkenes i Dagsnytt18. Skjermdump, NRK.
Simon Malkenes i Dagsnytt-18-
studio, NRK, 5.3.2018.
Khrono har gjort helgeintervju med Simon Malkenes, lektoren som ikkje let seg teie i hel i Oslo-skulen. Malkenes har teke til på eit php-stipend i prosjektet Privatisering i og av utdanning ved lærarutdanninga på NTNU.

Erfaringsbasert skule

Malkenes ser seg sjølv som talsperson for dei som ønsker ein erfaringsbasert skule, i motsetnad til dei som vil ha ein kunnskapsbasert skule. Til dei sistnemnde reknar han den profilerte skuleforskaren Thomas Nordahl. Dei to har hatt mange polemikkar dei siste åra. Lærar-erfaringar er ikkje alltid like velkomne. Malkenes har betalt mykje for å fremje nokre av sine skuleerfaringar. Då han stilte i Dagsnytt 18-studio og fortalde om ein ikkje helt utypisk time på Ulsrud VGS på Oslo aust, førte det til at han blei kalt inn til rektor, sjukmeldt og til slutt tok eit år i "eksil" som lærar i Bremanger. Men det førte også til at skulesjef Astrid Søgnen i Oslo måtte gå.

Fryktkultur

Malkenes fekk sett skarpt lys på det han kallar fryktkultur i skulen. – Heldigvis er det i endring, seier han til Khrono. – Fleire tør å seie ifrå om problematiske sider i skulen. Men det er framleis mange som opplever at det ikkje er velkome å snakke om problem i skulen. Difor er det nok mange der ute som burde seie ifrå, men som ikkje tør. Det råkar til slutt ungane, seier Malkenes til Khrono.

Les meir på Khrono