onsdag 6. mai 2020

2070 - i beste fall: Over ein milliard vil bu i uleveleg varme

Skogbrann i Queensland, Australia, 2010. Foto: 80trading40. Lisens: CC by-sa 3.0
Ein forskingsrapport syner at klimaet vil slå hardare og tidlegare enn vi har trudd hittil. Rapporten konkluderer med at 1,2 milliardar menneske i 2070 vil leve i like varme strok som det i dag er i det indre av Sahara. Resultatet føreset klimapanelet sin utsleppsbane RCP 2,6, som mange i dag reknar som urealistisk, ettersom utsleppstoppen skulle vore nådd mellom 2010 og 2020.


Tim Lenton frå Exeter University fortel til The Guardian at han tidlegare har studert effekten av klimatiske tippepunkt, der resultata ofte verka apokalyptiske. – Men dette slår hardare. Dette syner trugsmålet tydeleg i menneskelege livsvilkår, seier han.

Det store fleirtalet menneske lever i soner der den årlege gjennomsnittstemperaturen svingar mellom 6 og 29 grader Celsius. I område utanfor dette, er det vanskeleg eller umogleg for menneske å overleve i lang tid.

Les meir på The Guardian