tirsdag 9. juni 2020

London: Eldre døydde åleine i korona – funne etter fleire dagar

Helsearbeidarar i London (2012). Foto Ivan Pandura, Flickr.com CC-by 2.0
Opptil to veker etter at dei døydde er eldre åleinebuarar funne i heimen i London. Koronapandemien har vist kor sårbare mange er i ein pressa situasjon. Engelske legar meiner fleire dusin er funne i heimen sin opp til to veker etter at dei døydde.

Det kan vere naboar, familie eller slekt som har funne dei. Etter fleire dagar startar oppløysingsprosessen i liket, og det kan ofte vere vanskeleg å slå fast dødsårsaka når dei blir funne. Talet på personar som kontaktar den nasjonale helsetenesta har gått markert ned under koronapandemien, slik at folk òg kan ha døydd av andre sjukdomar som dei ikkje har hatt mot eller krefter til å søkje hjelp for.