mandag 13. juli 2020

– Raskare tiltak i Norfund ville gjort 100-millionars svindel vanskelegare å gjennomføre

Frå LOLC Bank Cambodia si nettside
Svindlarane som lurte Norfund for 100 millioner kroner var profesjonelle og hadde store ressursar. Norfund trudde dei betalte til LOLC Bank Cambodia, men pengane gjekk i staden inn på falske konti i andre land. Rapporten frå PWC om svindelen er nå overlevert til Utanriksdepartementet, som er Norfund sin eigar.
Konklusjonane i rapporten er at det ikkje var eitt einskild tiltak som kunne hindra svindelen, eller at det var ein einskild svikt som opna for svindel. Men i sum har svindelen vore mogleg fordi Norfund har vore for seine med tiltak mot nye og avanserte svindelmetodar.

Rapporten peikar på at det var "kombinasjonen av flere forhold som gjorde Norfund mer utsatt for bedrageri".  Svindlarane har truleg fått tilgang til epostkorrespondanse gjennom nettfisking. Det gjorde det mogleg for dei å manipulere korrespondansen og språket på ein "realistisk" måte, slik at store pengar blei betalte ut til falske konti.