mandag 14. september 2020

Equinor ga 420 millionar til forskingssenter i Angola. Ingen ting har skjedd etter nesten ti år

Sonangol building, Luanda (cropped) Foto: Chimpanz APe, CC by 2.0

Det statseigde oljeselskapet Sonangol i korrupsjonsplaga Angola fekk 420 millionar kroner fra Equinor mellom 2011 og 2016. Pengane skulle gå til eit nytt forskingssenter. Fleire andre store oljeselskap overførte òg store "sosiale bidrag" til prosjektet. Men framleis er ingen spade stukke i jorda for å byggje senteret.

Equinor har purra Sonangol fleire gonger. Dei får til svar at pengane står på konto. Men seniorforskar Aslak Orre har inga tru på at det blir bygt noko forskingssenter. Han seier at Angola i praksis er konkurs. – Det er heilt urealistisk å tru at dei vil byggje senteret, seier han til NTB.

Les meir på enerwe.no