onsdag 9. september 2020

Vil unngå digital undervisning – Høgskulen på Vestlandet leiger storsalen i Sogndal Hotell

Sogndal Hotell, foto: Bjørn Erik Pedersen. Lisens CC by-sa 4.0
Det er rekordmange studentar på Organisasjon og leiing-kurset på HVL Campus Sogndal denne hausten – 175 mot 105 i fjor. Dette ville tvunge høgskulen til å starte heimeundervisning over nettet, om det ikkje var for at høgskulen har gjort avtale med Sogndal Hotell om å leige Storsalen på hotellet til undervisninga.

Studentane som Sogn Avis har snakka med er alle særs nøgd med at undervisninga kan skje "live", slik at dei både kan treffe kvarandre og snakka med lærarane. Oppmøtet er stort, sett i høve til at dagens førelesing ikkje er obligatorisk. Av dei 175 er 155 til stades.

Diverre er det lite truleg at ordninga vil vare fleire månader. Planen er å komme attende på campus, så snart kommunikasjonsutstyret som skal syte for å overføre lys og lyd mellom fleire klasserom, er på plass.

Les meir i Sogn Avis