onsdag 7. oktober 2020

Klårare krav til haldbare, ombrukbare og reparerbare produkt fra EU

Framsida, EU handlingsplan for sirkulærøkonomi

Den nye handlingslanen for sirulær-økonomi som EU lanserte i mars, markerer ei klår skjerping av tilråingane samanlikna med den fem år eldre planen, skriv Eléonore Maitre-Ekern, post-doktor og deltakar i SMART-prosjektet ved Universitetet i Oslo. Ho peiker først og fremst på at hovudprioriteten no er målet om at produket skal vere haldbare, ombrukbare, og moglege å reparere. Droppa er effektivitet, som fram til no har vore hovudfokus for EU på dette området.

Handlingsplanen gjer òg framlegg om fleire påbod, der det tidlegare berre var snakk om friviljuge tiltak. Begrensingar på ein-gongsprodukt gjennom forbod mot øydelegging av uselde produkt er mellom dei.

Men dokumentet nemner ikkje føre var-prinsippet, sjølv om dette er grunnleggjande for å unngå farer vi ikkje veit om. 

Handlingsplanen manglar klåre krav til produktreguleringar gjennom lov og føreskrifter, slik framlegga frå SMART-prosjektet gjer. Spesielt er det naudsynt med eit rammeverk som bidreg til å forlenge haldbarheita for produkt.

Les kommentaren frå Maitre-Ekern på uio.no