torsdag 22. oktober 2020

Reiar risikerer to års fengsel for planlegging av "beaching" av Tide Carrier

Tide Carrier. Foto Miljødirektoratet
Rettssaka mot Skipsreiar Georg Eide tok til 15. oktober i Sunnhordland Tingrett, etter at den har vore utsett to gonger. Han risikerer to år i fengsel for å ha bidrege til miljøkriminalitet gjennom "beaching" av Tide Carrier.  

Det var dramatisk 22. februar 2017 då det aldrande skipet ekk motorstans utanfor Jærstrendendene. Både mannskap og skip blei berga, men i ettertid har Wirana Shipping, som kjøpte skipet av Eide i 2015,  godteke ei bot på 7 millionar kroner for den hasardiøse seilasen. Aktoratet peikar i rettssaka på at Wirana er kjent for å kjøpe opp skip og sende dei til opphogging. Eide er tiltalt, sjølv om han ikkje var eigar av skipet på det tidspunktet seilasen skjedde. Aktoratet meiner Eide som mellommann bidrog aktivt til seilasen.

Georg Eide nektar straffeskuld, og viser til at han var sjuk etter hjerneslag på det aktuelle tidspunktet. Han vedgår likevel at han var i møte med Wirana tidlegare den same månaden som det sigla sørover, etter ti år i opplag i Høylandsbygd i Sunnhordland.

Les meir på nrk.no