onsdag 20. januar 2021

17.000 migrantar har drukna på veg over Middelhavet

3 Melber Sea-Watch LoRes 01-2

Med koronapandemien forverra situasjonen i seg gjennom fjoråret i flyktningleirane i Libya. 1.000 menneske drukna det året på veg over Middelhavet. Seks redningsskip fekk seglingsnekt i Italia. Legar utan grenser meiner dette er ein skandale. 

36.000 menneske trassa hindringane og tok over over havet frå Libya i fjor. Det er langt færre enn toppåret 2016, då 180.000 menneske tok seg over. Den europeiske flyktningpolitikken er stramma kraftig til i løpet av desse åra. Forskingssjef ved Fredsforskingssenteret i Oslo Maria Gabrielsen Jumbert meinar Europa på denne måten fråskriv seg ansvaret for desse flyktningane.

I 2013 var det fleire politikarar som omtala tragediene i Middelhavet som ein skam for Europa, medan politikarar på ytre høgre la skulda på den liberale innvandringspolitikken. 

Jumbert seier til Bistandsaktuelt at fleire studier tyder på at det ikkje finst noka direkte kopling mellom innvandringspolitikken og talet på migrantar. Likevel er det blitt vanleg blant hovudstraumspolitikarar å kople innvandingspolitikken til storleiken på flykningstraumen.

Les meir i Bistandsaktuelt